Hoi! Som sikkert mange har fått med seg går eg for tida på skule i Daytona Beach, Florida. Tenkte det var på tide med ein update frå meg, iallefall på modellflyfronten! For sjølv om eg har gått over til fullsize, har eg ikkje lagt fra meg hobbyen
Flyr for tida ein elektrisk Hobbyking MX2, som er nogelunde dugande.
Innafor 30min her eg bur er det minst 4-5 aktive store modellflyklubbar. Det ville være dumt å ikkje nytte seg av eit så godt tilbud. Så no nylig meldte eg meg inn i ein klubb ca 20 min fra her eg bur. Dette er ein veletablert klubb fra 1985 med rett over 100 medlemmar, men berre rundt halvparten er skikkelig aktive.
Her har ein ei skikkelig 180 meter lang flystripe, med et underlag dei kallar for 'geofabric'. Ser ut som asfalt, men er eit meir tøyaktig stoff, som egner seg svært godt som underlag for modellfly. Ikkje minst gode fasilitetar, med strøm, toalett, kjøleskap m.m. Pga. at stripa ligger rett ved ein lokal småflyplass er det bla. restriksjon på 200 fots flyhøgde, og ingen turbin er tillatt.
Så her er nokre bilder eg tok no i kveld når eg flydde heilt aleine på stripa(med ein gjennomsnittsalder på 60-70 i klubben, flyr 'gamlingane' tidlig på morningen, så eg får stripa for meg sjølv resten av dagen stort sett):
Vedlegg: |

IMG_1774.JPG [ 209.88 KiB | Vist 18840 ganger ]
|

IMG_1779.JPG [ 288.35 KiB | Vist 18840 ganger ]
|

IMG_1780.JPG [ 235.41 KiB | Vist 18840 ganger ]
|

IMG_1784.JPG [ 111.58 KiB | Vist 18840 ganger ]
|

IMG_1787.JPG [ 144.9 KiB | Vist 18840 ganger ]
|
|