Sunnfjordrc.no
http://www.sunnfjordrc.no/

Brygga ved Storevatnet
http://www.sunnfjordrc.no/viewtopic.php?f=6&t=3041
Side 4 av 4

Forfatter:  TT [ Man Sep 16, 2013 10:11 pm ]
Innleggets emne:  Re: Brygga ved Storevatnet

Idag fekk eg telefon frå Anders Espeseth i kommunen, han hadde fått varselet vårt om treffet som skulle vore no i helga, og ville berre informere oss om at vi hadde lov å bruke vatnet no. Han bur forøvrig like ved Storevatnet, og hadde ikkje fått med seg at vi hadde hatt noko aktivitet i år... Noko som faktisk stemmer. Eg har ei god kjensle etter å ha snakka med han, og har trua på at vi med god dialog kan få vidareført tillatelsen til bruk av vatnet vidare.

Han presiserte forøvrig at det midlertidige løyvet faktisk går ut 01. oktober i følge vedtaket, så veldig fint om vi kunne fått til eit treff no før 01. oktober slik at dei hadde eit grunnlag for diskusjon ang støy og "ødeleggelse" før dei skal fatte nytt vedtak. Han ønskte og at vi inviterte "klagarane" ned for å sjå kva vi heldt på med.

Dette medfører forøvrig at vi har to helger på oss til å få holdt eit treff. Så eg har satt opp ny dato: 21.september for båttreffet. Eg og Kåre er vekkreist søndag 22.sept. Er sjølvsagt ikkje eit must at vi er med, så om de heller vil ha eit treff 22. sept skal ikkje eg stoppe dere :)

Om nokon vil ha tilsendt sakspapirene for å dekke nysgjerrigheten i kva som er skrevet, kan eg sende det på mail om det er av interesse. Send meg ei pm :)

Side 4 av 4 Tidssone UTC + 1 time [ DST ]
Powered by phpBB © 2000, 2002, 2005, 2007 phpBB Group
http://www.phpbb.com/