Da er vi endeleg igang med planlegging av eit stortreff for båtar!!!

No veit vi av erfaring at fleire av "båtgutta" ikkje ser på båtane sine før det ligg ein dato på plass, og gjerne må dei ha ytterlegare press - med berre 7-14 dagers frist og liknande. Men denne gongen velger vi å gjere det litt annleis...
Vi ser at det er vanskeleg å få til båt-treff i juli mnd sidan mange då er på ferie.
I august månad har vi nok helgar opptatt med eikefjorddagane og SandenSøndag. (Håpar forøvrig at så mange medlemmer og "ikkje-medlemmer" som mulig har anledning til å bidra med sine modeller desse dagane).
Vi velger derfor å legge årets båt-treff til SEPTEMBER.
Med tanke på kor stabilt vêret har vore (med berre regn), kan vi kanskje satse på ein fin haust

Luftar no tanken om ein av dei følgande to datoar, kom med tilbakemelding på dette (vil må uansett ta høgde for vêret, ved full storm vert det (sannsynlegvis) ikkje!)
Søndag 15.september
Søndag 22. september
På treffet vil vi etter planen ha party-teltet, grill, vaffel, kaker og kaffi. Vi har alle sommartreffet 2011 godt i minne som eit vellukka treff, og går for det same igjen

Dette er på ingen måte forbeholdt båtmedlemmane våre, så alle som meiner noko må gjerne legge igjen ein kommentar.
_________________
Nina Steindal - Styreleder og økonomiansvarlig
Nina 