Hei!
Eg har lenge gått og tenkt litt på å lage ei offroadbane. I sommar hadde eg eit lite prosjekt som aldri vart noko av, fordi det var for bløtt og "myrete". Men no har eg kanskje funne eit fint område som er i ferd med å gro igjen. Eg tenkte eg skulle tilby meg å rydde vekk krattet og småskogen for naboen, som uansett bør fjernast. Dette området er flatt og tørt nok, og det er mulighet for parkering og strøm like ved.
Eg har og tilgang på ein minigravar og traktor og litt ekstra arbeidskraft for å få dette til.
Eg har overhodet ingen erfaring med racing eller slike baner. Eg har kun vore ein liten tur på bana på Radøy i Hordaland og prøvd slashen. Der har dei kunstgras og terasseteppe som underlag.
Om eg kjem so langt at eg får lov til å sette i gang, så er gammalt/utslitt kunstgras noko som kanskje går an å få tak i til ein billig penge (?).
Det er godt mulig at eg er litt for optimistisk, og at dette blir vanskeligare enn eg ser for meg, det er det sannsynligvis, men det er vel lov å prøve seg.
Eg laga ei rask tegning av eit design som såg artig ut, og som eg kan vise fram til naboen, slik at han får ein ide om korleis det vil sjå ut.
på tegningen er bana ca. 30 meter lang og 20 meter brei. Det er kanskje for stort, men det kan sjølvsagt endrast.
Spørsmålet er om dette er av interesse? Om eg hadde fått dette til hadde det jo vore artig å hatt noken konkurransar med short course-bilar eller andre.
Det er jo usikkert om eg får dette til i det heile tatt, men eg vil likevel høyre kva andre tenker om dette prosjektet.
Kom med innspel