Fikk ei kraftig lyst til å kjøre litt Blackjack igjen i dag etter gammalt
Sendte Pett4 ei melding, og ikkje så altfor lenge etter fylte vi opp bilen hans og kjørte ned til området der med Hammer MC.
Kjørte vel 15-20 min før vi gav oss, og det var konge å kjøre båten igjen etter eit relativt langt avbrekk
Stressballen har fått tak i ei lydpotte til meg som eg prøvde for første gang i dag, og eg skal love det hjalp..
Båten har no fått ein mykje meir behagelig og djupare motorlyd, og den til tider intense høgfrekvente "poppinga" er heilt vekke.. Det var virkelig ein ny opplevelse å høre båten i dag
Kor mykje den har å sei på effekten er endå uvisst sidan eg ikkje fikk motoren opp i noko særleg turtall (trur den fikk litt mykje bensin,) Men det blir spennande å sjå når eg får tuna den litt..
No gler eg meg bare til eikefjorddagane
Nokre bilete frå kvelden:
Ein vakker dag på sjøen
Og sjølvsagt aldri ein tur med Blackjacken uten ein tur i gummibåten også