Hei!
Her er nokre av mine bilete frå helga på Byrkjelo.
Artig med besøk frå sunnfjord! Normalt er det aktivitet på stripa kvar søndag ettermiddag, når veret tilseier det.
Det som er greit med denne stripa, er at vi alltid har sola i ryggen. Omgjevnadane er heilt ok, med fjell og isbre i bakgrunnen.
Som tidlegare sagt, stripa ligg fint til med gode sikkerhetsavstandar og romsleg luftrom. Stripa er kanskje ikkje av dei mest jamne, men vi får alltid ned flygedoningane på eit eller anna vis (jamfør videoen til Morten).
Eg er forholdsvis ny i denne hobbyen, kjøpte mitt første fly i april, i ein alder av 32 år. (Alt håp om hurtig læringsprosess er difor diverre ute…)
Har nettopp starta med helikopter, og er på mitt 10. batteri på ein T-Rex 500CF. Har så vidt tatt steget vidare frå stabil hovring, og pulsen stig nokså raskt når halen ikkje lengre skal stå rett mot meg! Men hittil har det gått fint, simulatortrening gir stor effekt! (Hovra nose-in på 5.batteriet). Har forøvrig hytte på Kråkeneset (sørsida av Førdefjorden, rett overfor Naustdal), så det kan godt hende eg tek meg ein tur innom Skaflestad ei helg.
Runar Sandnes
Breim
69371_473822121004_633106004_7233082_4949856_n.jpg [ 59.86 KiB | Vist 10696 ganger ]
64655_473788786004_633106004_7232064_878115_n.jpg [ 85.19 KiB | Vist 10696 ganger ]
64621_473789176004_633106004_7232085_3721808_n.jpg [ 38.84 KiB | Vist 10696 ganger ]
40723_473827311004_633106004_7233237_5884208_n.jpg [ 72.82 KiB | Vist 10696 ganger ]
37954_473821681004_633106004_7233060_2283104_n.jpg [ 56.41 KiB | Vist 10696 ganger ]
37154_473815056004_633106004_7232821_6480567_n.jpg [ 68.24 KiB | Vist 10696 ganger ]
33781_473818286004_633106004_7232953_2215319_n.jpg [ 79.05 KiB | Vist 10696 ganger ]
33689_473815441004_633106004_7232838_1527536_n.jpg [ 54.46 KiB | Vist 10696 ganger ]
33678_473819206004_633106004_7232998_1502610_n.jpg [ 32.99 KiB | Vist 10696 ganger ]
33564_473825341004_633106004_7233172_5278019_n.jpg [ 118.44 KiB | Vist 10696 ganger ]