Kan bekrefte at 700E er eit bra heftig helikopter, ja! Fekk min for nokre veker sidan, og det er bra med punch! Eg køyrer min med BeastX-fbl. Første tur var uproblematisk; eg måtte berre roe ned collective-utslaget litt, så det vart litt VEL heftig med +-14 grader. No køyrer eg ca 10 grader, og det held til mitt nivå førebels.
Første tur:
http://youtu.be/N3DTIXfIUjIDet herlege med elektromodellar i denne storleiken, er at det er mindre motorlyd, og meir rotorlyd!
Eg har oppgradert den med skrådrev (pinion og maingear), så lyden er heilt ok.
BeastX held halen veldig bra i roll og flip, så ein treng ikkje korrigere så mykje.