Då har eg fått arbeida litt med båten i kveld også

Kjekk kveld med kjekke folk på Skala1

Har omsider fått inn litt ting som vart bestilt for ei stund sidan.. Så i kveld vart ein liten førjulskveld for min del
Inn dørene var det komt 5m ankerkjetting, bryterpanel til kontrollen, Robbe sin Navy-lydmodul, ein pose med dekk som skal brukast som fender på båten, ein relè (?) og ein utskytingsmekanisme som skal brukast på slepetauet.
Det første som vart gjort var å montere bryterpanelet i kontrollen. Så vart også "navy-stick" flytta fra f-14 til fc-16-kontrollen. F-14 har eg tenkt å selge, så om nokon skulle være interressert er det bare å gi ein lyd. Annonse blir lagt ut etterkvart

Er ikkje poeng å ha denne ståande ubrukt på ei hylle når eg har skaffa meg fc-16 i staden..
Så var det å få festa på ankerkjettingen der den skulle sitte.. Syntes det virka fryktelig overkill med 5meter kjede, og rekna med eg kanskje fikk eit par meter på trommelen den skulle på.. Men der måtte eg bite i meg det meste, for der gikk alt innpå uten problem

Så det skal ikkje bli problem å ankre opp på litt djupe farvann med Odin
Då dette var gjort var det å plukke ut lydmodul og ein høyttaler og koble dette opp.. Tidlegare har eg hørt korleis Stressballen sin lydmodul i Neptun høyres ut, så eg var spent på korleis Robbe sin var i forhold.. Og eg fikk eit veldig god følelse når lyden kom på

Det låt rett og slett bra
Har totalt 6 lyder på denne modulen, kor eg ser for meg 4 av dei kjem til å bli brukt. Dei to siste var sirener som eg ikkje føler passer heilt på denne båten
Til slutt i kveld satt vi saman utskytingsmekanismen.. Dette er rett og slett eit fjørbelasta lodd kor det skal henge ein krok i enden.. Dette vert montert i båten og festa til ein servo som løyser fjøra og skyt ut kroken.. King Hauler stilte velvillig opp og lodda deler saman og modifiserte litt her og der, og vips så dreiv vi og skaut på denne rundt i butikken

Kan tenke meg den svede 3-4 meter, så dette kan bli moro å prøve på vatnet når den tid kjem

Det må nok litt trening til skal man treffe, for skyt man den ut ein gong må man til land for å lade den på nytt igjen

Men blir nok moro lell
Neste veke håper eg å få laga ein høyttaler-kasse, og så skal det gjørast litt endringar på ankervinsjen.. Skal herme litt etter Stressballen og King Hauler sin patent med å bruke ein servo i staden for motor.. Då får man muligheten med clutch-systemet Stressballen nevnte i tråden sin om Neptun.. Noko eg ser på som ein bra fordel i tilfelle man skulle glømme å slå av motoren når ankeret er komt på plass.. Er tross alt 5meter som skal trekkast opp, så det er fort gjort å gløyme den underveis
Her er litt bilder + etterkvart ein video av lydtest

(som vanlig mobilbilder, så må bare beklage litt dårlig kvalitet på enkelte bilder)
Julafta på forskudd
Kontrollane før
og etter
Ankerkjetting på plass
King Hauler med loddebolten

Utskytingsmekanismen
Ladd kanon

Edit: link til video: