Jepps, jomfruturen er gjennomført! Sinnsykt morro, sjølv om eg i grunn ikkje fekk det noe særlig til!
Starta med eit kast av hjelparen min, og flyet flaug kanskje 5 meter før det deisa i bakken, ingen skade skjedd.
Så et nytt kast, gjekk vel opp mot 15 meter no, og landingshjula datt av. Dette var fordi limen ikkje var størkna, så det tar eg på eigen rekning!
Siste turen fant me ut at me skulle kaste oppover, i staden for bortover, og da fekk eg det opp.. Flaug rundt oppi skyene ei lita stund, før eg farlig nærma meg vatnet ved sida av jordet eg sto på. Klarte å snu flyet unna, og det deisa i bakken. Heldigvis skjedde det ikkje noe då heller.
Det som derimot var litt surt, er at på veg opp til bilen klarer eg å knekke antenna til kontrollen.. IRRITERANDE!!!
Menmen, alt i alt ein god dag! ca 100 myggstikk klarte heller ikkje å dempe entusiasmen.
noen bilder: