Brukte siste delen av kvelden i dag på å skru litt på motoren til Muggyen.. Trengte ei skikkelig reingjøring etter Nesjane på søndag
Demonterte kjøleribba, tok ut enveislager til rotostarten etc.. Og når eg først var i gang fant eg ut eg kunne skru av bakdekselet (kan ikkje det eksakte navnet på denne delen) på motoren.. Og då når eg for første gang skua inn i motorrommet såg eg til min store forferdelse at så og seie heile stempelstaget (vertfall store dela av det) var fullt i rust
Den har riktignok vært gjennom litt sidan oktober, då eg kjøpte den. Og eg har aldri skrudd den fra kvarandre og sett inni der. Men går det virkelig så fort før sånne dela rusta? Dei leve riktignok i et ganske hardt miljø, men det er jo stort sett rein fuel som kjem inn der, og eg trudde ikkje den førte til rust, snarare tvert imot med all alkoholen som er i den.. Men har det kanskje med mengden olje som kjem inn?
Men det eg då egentlig lurte på var korleis man får vekk den rusten? Om det i heile tatt er mulig uten å flå heile motoren, og begynne med dremelen på dei diverse delane? Eller kan man fjerne det på eit enklare vis?
Og kva er evt tipsa for å forebygge at desse delane rustar? Sprute en dæsj crc eller wd-40 ned i glødehullet og sveive rundt nokken ganga? Vil det være nok, eller må man rett og slett skru opp motoren annakvar veke og reingjere heile mannskiten?