Det er det som nokre vil kalle ein "noname car".
Men merket heiter Victory Hawk, og den er produsert i Kina som ein kopi av Kyosho Inferno. Men sjølv om det er ein kopi av ein meir kjent bil, er eg svært imponert over kvaliteten og tilpassinga på komponentane. Alt er i høgkvalitets plast, aluminium og karbon, og er maskinert ut til 100% tilpassing. Og alle kvalitetsaukande smådetaljar som gjerne blir droppa i kopiproduksjonar er på plass. Så kvaliteten står ikkje tilbake for originalen. Den har ein 3.5cc motor, og (til no) eitt-trinns gir. Vurderar to gir.
Og deler frå både Kyosho og andre merker passar rett på. Etter at eg knuste fronten på den er den bygd opp att av Kyosho deler.
Har montert på slicks no, eg føretrekk å køyre på asfalt men likar fleksibiliteten til ein buggy framfor ein on-road bil. På asfalt blir knastane på knastedekka nedslitt på eit øyeblikk.
Her er eit "før-bilete":
Ein dremel er ein slik: