carish skrev:
her va masse fett ja..
syns du bør kjøpe deg en sånn jet Runar..
Joda, endeleg ein jet som hadde fungert ypperleg på Høylo, bortsett frå den %$/#€5 prislappen. Eg har dog skaffa meg ein Multiplex Blizzard med ok motorsoppsett, så då får eg i det minste øva meg litt.
Men det hadde jo vore kjempefint om folk kunne ha starta ei kronerulling, slik at eg kunne ha fått meg ein slik jet! Det er jo tross alt ikkje snakk om meir enn rundt 2500€ for turbinen, ca 800€ for modellen + litt ekstra for elektronikk. Små pengar i den store samanhengen...
Men det var ein rå liten sak ja. Når dei starta den opp, så kunne ein høyre forventninga spre seg gjennom folkemassa. Men det skal seiast at videoen ikkje yt doningen rettferdighet, for den hadde ein aldeles sjuk turnrate. Når han drog på horisontalt, så såg farta "rimeleg bra ut". Når han så brakk den opp i vertikalen, så var modellen vekk til himmlels før du fekk blunka. Så ein logg på g-kreftene hadde absolutt vert interessant, ja!
Forbruket på ein slik motor er vel rundt 50-60ml pr min med full peis. Men eg trur nok den er rimeleg rå og fly i litt lavare fart òg, hovudsakleg pga lyden då! På siste klippet før landingssekvensen høyrer du når turbinmotoren går tom for fuel. Sikkert like greit å lande ein slik utan motorkraft. Den segla jo veldig bra.