Her er litt viktig info om fot / filming fra luft : Referat fra pr 15 mai 2014.
Kameradronar og andre ubemanna luftfartøy – kva er lov? (Publisert: 04.04.2014)
Eit ubemanna luftfartøy, på folkemunne ein drone, heiter eigentleg Remotely Piloted Aircraft systems. Det kan vere eit fjernstyrt helikopter eller fly, og vegar frå nokre få gram til fleire kilo. Her forklarer vi kva reglar som gjeld for bruk av dronar. Kven brukar kameradronar, og til kva? I Noreg kan kven som helst kjøpe ein drone, og bruken av slike fartøy har auka dei siste åra. Dette skuldast at dronane er lettare å få tak i, at dei har betre kamera og sensorar og ikkje minst at dei har blitt mykje rimelegare å kjøpe. Brukarane av dronar er alle frå eigedomsmeklarar, kommunar, forskarar, politi, redningstenester, media og militæret, til hobbyflygarar og -fotografar. Dei fleste dronar blir likevel flogne av vanlege folk på hobbybasis.
Filming og publisering av materiale tatt opp med dronar Alle som fører ubemanna fartøy med kamera, må vise omsyn til omgivnadene. Om ein filmar eller tar bilde med kameradronar, lagrar eller bruker desse filmane frå dronane til noko etterpå, må ein fyrst og fremst bruke sunn fornuft. Datatilsynet kjenner til høve der filming frå lufta kan ha konsekvensar for personvernet. Blant anna har vi blitt kontakta av folk som har sett dronar utanfor sitt eige stovevindauge. Forsøk å sjå saka frå synspunktet til dei som blir filma. Tenk deg at det kjem eit kamera flygande når du anar fred og ingen fare, og er ein stad du forventar å få vere aleine. Ta omsyn til at dei som opplever dette kan kjenner seg overvaka, og bli usikre på kva filmen vil bli brukt til seinare.
Dei fleste som flyr dronar, gjer det fordi det er morosamt. Kanskje ønskjer dei å leggje ut ein video eller nokre bilde på nett for å vise fram flyturen. I mange tilfelle er dette heilt uproblematisk. Det er skilnad mellom bilde der personar er hovudfokus og der det er ein situasjon som er hovudfokus. Eit situasjonsbilde som viser menneske på lang avstand, kan du offentleggjere utan at dei som er avbilda må samtykkje. Tar du derimot bilde av ein eller berre et par personar, der dei er i fokus og gjerne også på nært hald, har du ikkje lov til å publisere bilde utan å be dei som er på bilde om lov. Dette følgjer av både åndsverklova og personopplysningslova.
I tillegg bør du tenkje over kvar dei du filmar oppheld seg. Er dei er i ein situasjon der dei forventar å vere aleine, for eksempel heime i stova eller i sin eigen hage, vil det å filme dei kunne reknast som ei krenking av privatlivets fred. Slik krenking er regulert i straffelova, og til ein viss grad av personopplysningslova.
Dronar versus andre former for overvakingsutstyr Personopplysningslova har ikkje eigne reglar om filming eller fotografering med dronar. Slik filming fell inn under den generelle rettleiinga, og ein kan difor i prinsippet samanlikna dronefilming med bruk av handhalde fotoapparat, kamera med sterk zoom eller annan kamerateknologi. Sidan dronar på ingen måte er fastmonterte, gjeld ikkje reglane for kameraovervaking i personopplysningslova. Desse reglane kan de lese meir om her:
Kva med dei som opplever å bli filma av eit ubemanna luftfartøy? Etter Nasjonal Sikkerheitsmyndigheit (NSM) sine reglar, som skal verne militære restriksjonsområde, skal den som flyr ein drone alltid vere så nær at han eller ho kan sjå dronen. Dersom du ser ein drone, og lurar på om han filmar og kva filmen skal brukast til, anbefaler vi at du spør føraren av dronen direkte. Dei fleste som flyr slike ubemanna fartøy gjer det for moro skuld, og det er ikkje eingang sikkert at fartøyet gjer opptak, at det lagrast eller at eit eventuelt opptak nokon gong vil bli publisert. Dersom du ikkje får syn på føraren av fartøyet, eller de ikkje blir einige, kan du ta kontakt med politiet og eventuelt rapportere føraren av fartøyet.
Kva for lovar og reglar må ein kjenne til? Regulering av droneflyging og filming med dronar, er samansett. Inntil april 2014 måtte alle som skulle filme frå lufta søke NSM om løyve. Frå 2. april innførte NSM ei prøveordning som seier at så lenge føraren ser dronen, og ein flyr utanfor restriksjonsområde, er det ikkje lenger nødvendig å søke løyve for å fly dronar. Prøveordninga gjeld ut 2014,
Verksemder som bruker dronar må framleis søke om løyve til dette. Dei må også følgje Luftfartstilsynet sine reglar. Luftfartstilsynet arbeider for tida med ei forskrift for bruk av ubemanna luftfartøy. Inntil vidare må ein følgje AIC-N 14/13 20 JUN:
Kva meinar befolkninga om bruken av dronar? Til Personverndagen 2013 gjennomførte Datatilsynet ei undersøking for å finne ut kva eit representativt utval av befolkninga synest om blant anna dronar. Resultata visar at over 90 prosent er positive til bruken av dronar i redningsaksjonar og i politiet. Dei er litt mindre positive til overvaking av folkemengder ved demonstrasjonar og svært lite positive til media og eigedomsmeklarar sin bruk av dronar.
_________________ AR Drone 2.0 modifisert med Quadmod, slik at den kan styres av Spectrum DX8
Asbjørn Aamot Florø
|