Var ein enormt artig dag med godt oppmøte og bra flyging!
For å skryte litt, så hadde yalla med vector sin speedgun i dag, og det vart gjort diverse fartsmålingar(kanskje folk vil utdjupe om dei sjølv). Eg klarer berre huske min egen fart på AT-40'en, som vart 164 km/t i 15 km/t medvind om eg ikkje tar heilt feil.
Det vart også redningsoperasjon i dag, då eit fly havna eit stykke utpå isen der vi var usikre på kor trygt det var. Men fekk henta det til slutt, med sikkerheitsline i form av skjøtekabel i tilfelle redningsmann og eigar av flyet skulle gå gjennom isen.
Filmer:
http://www.youtube.com/watch?v=BuzZfal4YLMhttp://www.youtube.com/watch?v=ZkpOZXaQzdABildene kan jo og få tale for seg sjølv. Filmar kjem seinare i kveld reknar eg med.