Har hørt rykter om eit fenomen der ute kor båteigarar alltid vil ha større båt..
No har eg virkelig for alvor innsett at eg har den sjuka

No er ein ny båt komt på plass i flåten til Stubhaug Rederi
Valget falt på ein ny seilbåt, og vart Smaragd fra Robbe.. Dette er ein båt som er 138cm lang, er 220cm høg (fra kjøl til mast) og veier ca 12kg. Har ein onkel som har samme type båt, og har i ca 9år sikla på ein slik båt etter eg fikk prøvd hans for første gong

Så no er eg godt nøgd med å få realisert den draumen..
Settet er i kjent Robbestil i ABS-plast.. Skulle i grunn ønske dei kunne brukt litt meir glassfiber, for båten får ein heilt annan finish då føler eg, men slik er det no.. I løpet av monteringa skal båten stivast litt av innvendig og kjølen (blir levert separat) må festast på og det må sparklast litt rundt den.. Ellers er det litt plank som skal leggast i "styrehuset," rekkverk skal monterast, og det skal settast inn ein seilvinsj og ein styreservo.. I tillegg kan man bytte ut framseilet med eit såkalt genoa eller Blister-seil.. Dette er større seil som kan minne om ein liten spinnaker for dei som kjenner til litt terminologi innanfor seiling

Då må det i tilfelle settast inn ein ekstra seilvinsj og ein liten elektromotor.. Motoren sin funksjon har eg enda ikkje funne ut

Er ikkje sikker på om dette blir med det første, men eg skal i alle fall få motert ting og tang slik at det ikkje blir noko problem å få dette til seinare
Er redd denne blir prioritert framover no, men skal prøve å få gjort litt på Odin innimellom også så ikkje den blir heilt glømt
Bilete kjem..